Lærerveiledning – Episode 1 hjelm gammel versjon
Læringsmål om riktig bruk av sykkelhjelm – No skal du lære:
No skal du lære:
- kvifor du bør bruke hjelm på sparkesykkel og sykkel
- korleis du skal bruke hjelm
- at det er viktig å finne trygge stader å sparkesykle
- nokre viktige reglar for å bruke sparkesykkel
Om sparkesykling og sykling
At elevane skal kunne øve på trygg ferdsel i trafikken, og kunne forstå og følgje reglar i trafikken, er ikkje nødvendigvis det same som at elevane er sjølvstendige og trygge trafikantar etter 4.trinn. Trygg Trafikk rår til at elevane ikkje bør sykle åleine i blanda trafikk før dei er 10- 12 år gamle, vi har difor ikkje temaet sykling med i episodane om «Trym og Madikken». Sparkesykkel er eit framkomstmiddel målgruppa for episodane brukar meir sjølvstendig. Å vere fotgjengar og bruke sparkesykkel i trafikken er såleis å sjå på som førebuande sykkelopplæring.
Barn i målgruppa må gjerne øve på sykkel saman med vaksne, slik at dei får trafikkerfaringarm kunnskaper og haldningar dei kan ta med seg i syklistrolla, når dei blir modne nok til å sykle åleine. Hugs at som syklistar i trafikken er elevane førarar av eit køyretøy. Når dei sparkesyklar er dei å rekne som fotgjengarar.