Sykkelhjelm og sparkesykkel

Læreveiledning – episode 1

No skal du lære:

  • kvifor du bør bruke hjelm på sparkesykkel og sykkel
  • korleis du skal bruke hjelm
  • at det er viktig å finne trygge stader å sparkesykle
  • nokre viktige reglar for å bruke sparkesykkel

Om sparkesykling og sykling

At elevane skal kunne øve på trygg ferdsel i trafikken, og kunne forstå og følgje reglar i trafikken, er ikkje nødvendigvis det same som at elevane er sjølvstendige og trygge trafikantar etter 4.trinn. Trygg Trafikk rår til at elevane ikkje bør sykle åleine i blanda trafikk før dei er 10- 12 år gamle, vi har difor ikkje temaet sykling med i episodane om «Trym og Madikken». Sparkesykkel er eit framkomstmiddel målgruppa for episodane brukar meir sjølvstendig. Å vere fotgjengar og bruke sparkesykkel i trafikken er såleis å sjå på som førebuande sykkelopplæring.

Barn i målgruppa må gjerne øve på sykkel saman med vaksne, slik at dei får trafikkerfaringarm kunnskaper og haldningar dei kan ta med seg i syklistrolla, når dei blir modne nok til å sykle åleine. Hugs at som syklistar i trafikken er elevane førarar av eit køyretøy. Når dei sparkesyklar er dei å rekne som fotgjengarar.

Teori og teskster til bruk av elevene

Kvifor er det viktig å beskytte hovudet?

Kvart år må mange til doktor etter uhell på sykkel. Nokre blir skada av di dei kolliderer med fotgjengarar, syklar eller bilar. Dei fleste skadar seg likevel når dei veltar med sykkelen heilt åleine.

Ei ulukke skjer ofte fort og med stor kraft. Sykkelhjelmen kan redde deg viss sykkelen veltar. Hjelmen hindrar ikkje at du veltar, men han vernar hovudet ditt, slik at skadene ikkje blir så alvorlege.

Hovudet er den viktigaste kroppsdelen vi har. Der ligg hjernen, som styrer alt vi gjer. Viss hjernen blir skada kan du kanskje ikkje:

  • Lese, skrive og lære nye ting
  • Seie noko hyggeleg til venen din
  • Spørje om noko du lurer på
  • Gå på ski, sykle eller springe
  • Smake forskjellen på eple og appelsin

Slik bruker du sykkelhjelmen

Alle hovud er ikkje like. Du må difor finne ein sykkelhjelm som passar til hovudet ditt.

Hjelmen må festast skikkeleg med stroppene. Nokre hjelmar har ein innerhjelm som kan justerast. Viss du kan bevege hjelmen fram og tilbake, må du stramme stroppene.

Hjelmen skal dekkje toppen av hovudet, panna, tinningane og bakhovudet. Sjekk at hjelmen sit rett på hovudet. Ein vanleg feil er at hjelmen sit for langt bak på hovudet, slik at panna og tinningane ikkje blir beskytta godt nok.

Kvar kan du sparkesykle?

Når du sparkesyklar skal du følgje dei same trafikkreglane som når du er fotgjengar. Du har lov til å bruke både fortau, gangvegar, gang- og sykkelvegar, og bilvegar. Men du må alltid hugse å følgje den viktigaste trafikkregelen. Den seier at du skal ta omsyn, vere merksam og forsiktig i trafikken. Kva vil det seie ta omsyn, vere merksam og forsiktig når du sparkesyklar?

Stader utan trafikk

Du kan sjølvsagt sparkesykle mange andre stader enn i trafikken. Det er lurt å øve på å sparkesykle på stader der det ikkje er biltrafikk. Øv deg på å halde balansen, stoppe og starte og svinge unna hindringar utan å velte eller skrense med sparkesykkelen.

Skuleplassen kan vere ein slik trygg stad utan trafikk. Vanlegvis har du ikkje lov til å sparkesykle på skuleplassen i skuletida.

Gang- og sykkelvegar

Det beste er kanskje å sparkesykle på gang- og sykkelvegar. Dei er laga for at både fotgjengarar og syklistar skal bruke dei. Når du sparkesyklar på gang- og sykkelvegar, bør du halde deg på venstre side, og ta omsyn til dei som går.

Fortau og gangvegar

Du har lov til å sparkesykle på fortauet på begge sider av vegen, og i begge retningar. Fortau og gangvegar er først og fremst for alle som går. Difor må du sparkesykle seint, og halde god avstand til dei som går. Av og til kan det vere nødvendig å trille sparkesykkelen.

På vegen

På vegar utan gang- og sykkelveg eller fortau, kan du sparkesykle på bilvegen. Når du sparkesyklar skal du følgje same reglar som fotgjengarar og bruke venstre side av vegen. Då ser du dei bilane som kjem køyrande nærast deg. Du bør halde litt avstand til vegkanten. Då er det lettare å halde balansen. Viss fleire sparkesyklar i lag, skal de sparkesykle etter kvarandre, og ikkje ved sida av kvarandre. Hugs at du bruker vegen saman med andre køyretøy, som bilar, bussar og motorsyklar.

Kryssing av veg

Før du går over vegen, må du alltid stoppe og sjå deg for. Sjå til alle kantar og lytt etter bilar. Sykliatar kan også komme i stor fart. Prøv om du kan få augekontakt med sjåførane slik at du ersikker på at dei har sett deg. Hvis du er heilt sikker på at det er klart, kan du trille sparkesykkelen over.

Det beste er å gå over vegen der det er gangfelt, men dei finst ikkje alltid. Då må du gå over der du best kan sjå om det kjem bilar eller syklistar.

Samtaleoppgaver

Videoressurser

Her finner du oppdaterte og relevante læringsoppgaver.

Alle episoder